Velkommen til leksjon 1! I denne leksjonen skal du lære:
Hei! Eg heiter Eva! Eg kjem frå England. Eg er 42 år. Eg bur i Førde. Eg snakkar engelsk, tysk og litt norsk.
Hallo! Eg heiter Dieter. Eg er 40 år. Eg kjem frå Tyskland. Eg bur i Førde. Eg snakkar tysk, engelsk, litt fransk og litt norsk.
Hei! Eg heiter Solveig. Eg kjem frå Førde. Eg er 33 år. Eg snakkar norsk, engelsk og litt tysk.
Eva og Amina møter kvarandre for første gong:
Eva: Hei!
Amina: Hei! Kva heiter du?
Eva: Eg heiter Eva. Kva heiter du?
Amina: Eg heiter Amina.
Eva: Hyggeleg å treffe deg!
Amina: Hyggeleg!
Eva: Kor kjem du frå?
Amina: Eg kjem frå Førde. Kor kjem du frå?
Eva:Eg kjem frå Bath i England.
Amina: Ååh! Har du budd lenge i Noreg?
Eva: Unnskyld, eg forstår ikkje heilt...
Amina: Kor mange år har du budd i Noreg?
Eva: Åh, eg skjønnar. Eg har budd i Noreg i snart tre år.
Amina: Kva språk snakkar du?
Eva: Morsmålet mitt er engelsk, men eg snakkar òg litt norsk.
Amina: Eg må gå no, men det var kjekt å møte deg!
Eva: Deg og! Vi snakkast!
Amina: Vi snakkast!
Solveig er ny på jobb. Ho helser på ein kollega. Dei handhelser.
Jarek og Dieter møter kvarandre på ein fest.